Eit brusamband for framtida
Siste nyhende
Fjelbergsambandet vil skapa positive ringverknader for lokalsamfunnet på Fjelberg.
Med under 1 kilometer bru, fordelt på to bruer, vil Fjelbergøy og Burgundøy få tilknytning til fastlandet. Prosjektet Fjelbergsambandet vil gje store positive ringverknader for framtida til dei to øyane – som i dag er avhengig av eit ferjesamband med få avgongar.
Når Fjelbergsambandet er ferdigstilt vil enklare adkomst gjera dei to øyene meir attraktive for fastbuande og tilreisande, i tillegg til næringsliv som ser etter mogelegheiter i området.
Å bygge veg, er å bygge land.
Støtt prosjektet
Bli ein støttespelar til prosjektet vårt ved å spreia ordet om Fjelbergsambandet på Facebook.
Kvar kjem bruene?
Bru frå Fjelbergøy – til Halsnøy
Ei ca. 700 meter lang bru vil knytta Fjelbergøy til Halsnøy over Sydnessundet.
Brua vil ha tofelts køyreveg og 1,5 meter gang- og sykkelveg.
Bru frå Borgundøy – til Fjelbergøy
Ei ca. 250 meter lang bru vil knytta Borgundøy til Fjelbergøy.
Brua vil ha tofelts køyreveg og 1,5 meter gang- og sykkelveg.
Korleis vert miljøet påverka?
I planarbeidet for Fjelbergsambandet har ein gått grundig gjennom korleis eit brusamband vil påverka miljøet rundt.
Det er vurdert korleis nærmiljø, friluftsliv, kulturmiljø og naturmangfald vil verta påverka.
På Fjelbergøy og Borgundøy finst det fleire freda kulturminner frå både jernalder og vikingtid. Prosjektet er lagt opp slik at ein ikkje gjer inngrep på desse kulturminna.
Kva vert kostnaden?
I sin rapport vurderte Norconsult at kostnaden for Fjelbergsambandet totalt sett vil bli mellom 889 MNOK og 1087 MNOK.
Det blir arbeidd med å få usikkerheten på kostnadsestimatet innafor ei ramme på 10%.
Korleis vert vegstandarden?
I tillegg til dei to bruene skal det utbetrast og byggjast like over 5 kilometer veg. På dei to bruene vil det bli 2-feltsveg med tilhøyrande gang- og sykkelfelt.
Eksisterande veg vert utbetra og det er lagt opp til at vegen blir 1-feltsveg med køyrefelt på 2,75 m. I tillegg til dette kjem gang- og sykkefelt på 1,5 m. gjennom heile traseen. Møteplassar skal opparbeidast for kvar 250 meter på vegen.
Sjå tidslinja til prosjeket
Gå gjennom historien til prosjektet med å bygga bru fra øyane til fastlandet.