Categories
Nyhende

Fjelberg Fjordbruk bidreg for å sikre realisering av Fjelbergsambandet!

Pådrivarselskapet Fjelbergsambandet AS, arbeider hardt for å sikre den vidare framdrifta og realisering av veg- og bruløysing til Fjelbergøyane.


Etter at Stortinget tidlegare i år samla seg og vedtok ei betre definering av ferjeavløysingsordninga er dei økonomiske rammene for å realisere Fjelbergsambandet stort sett på plass.
Styret i Fjelbergsambandet AS er no i dialog med fleire aktørar, både næringsliv og bygdelag, om å bli med å støtte selskapet og prosjektet i det vidare arbeidet.

I møte med Alsaker Fjordbruk/Fjelberg Fjordbruk, kom det ei svært gledeleg tilbakemelding. Dei ynskjer tilføra pådrivarselskapet 1 million kroner til det vidare arbeidet.
Alsaker Fjordbruk med sitt dotterselskap Fjelberg Fjordbruk er den styrste verksemda på Fjelberg med totalt 20 tilsette. Alsaker konsernet er ein av dei største matfiskprodusentane i Noreg.

Møtet vårt med Alsaker Fjordbruk, Hans Helge Vik og Gerhard Meidell Alsaker var veldig positivt. Dei ber, med sitt rause bidrag, Fjelbergsambandet AS om å halde fram det gode arbeidet som er lagt ned, uttaler styreleiar i Fjelbergsambandet Marianne Nordhus.

Meidell Alsaker er tydeleg på at Fjelbergsambandet må byggast på ein kostnadseffektiv og fornuftig måte, held Nordhus fram.


Styret i Fjelbergsambandet er særs takksame for den rause kapitaltilførselen frå Fjelberg Fjordbruk, som gjev oss eit enno betre grunnlag i det vidare arbeidet, avsluttar Nordhus.

Legg att eit svar