Kostnad

Så langt i planarbeidet er kostnadane i prosjektet utanom hovudbrua, kalkulert til ca 350 – 450 MNOK.

I planarbeidet så langt har det kun vore framlegg om ei tradisjonell bruløysing i Sydnessundet.  Desse løysingane kan få ein kostnad på kr 550 – 650 MNOK.  Det er i tillegg knytt ein del tekniske utfordringar samt avklarings utfordringar når det kjem til denne løysinga. Dette gjeld særleg grunnforhold.

Fjelbergsambandet AS arbeider med å få gjennomgått  kostnadsestimatet, slik at det er innafor kravet på at dei skal vere sikra med maks avvik på +/-  10%.

Det vert samstundes arbeid med ei alternativ bruløysing i Sydnes sundet.

Den alternative bruløysinga er så langt førespegla ein kostnad på 400-500 MNOK.

Fjelbergsambandet arbeider for å kunne bruke  «innovativt innkjøp» på dette prosjektet og invitere industrien til samarbeid til utvikling, produksjon og finansiering.

Dersom dette er mogleg, kan prosjekt gjennomførast innan dagens finansieringsgrunnlag.

Samstundes som det kan gje store ringverknader i regionen (industri, arbeidsplassar, innovasjon).

Slik det ligg føre no kan prosjektet i stor grad finansiert med ferjeavløysingsmidlar.

Ferjeavløysingsmidlane er i dag rekna til å utgjere 782 MNOK. Og vert utbetalt i rate over 45 år.

Med ei alternativ bruløysing vil kostnadsestimatet vere samla for prosjektet på 750 – 950 MNOK.

I tillegg kjem finanskostnader. Stortinget har vedteke at det skal utarbeidast ordningar når det kjem til desse kostnadane også, men det vil ikkje kome til handsaming før om eit år.

Ferjeavløysingsmidlane er stipulert til 782 MNOK.  I tillegg kjem fylkeskommunale meirkostnader til elektrifisering.

Desse tala arbeidar Fjelbergsambandet AS med å få stadfesta.