I eit stort byggeprosjekt, slik som Fjelbergsambandet, er det mange omnsyn som må takast når det kjem til miljø.
Her kan du lesa litt meir om korleis planlegginga av Fjelbergsambandet har vurdert og lagt til rette for minst mogleg påverknad av miljøet.
Nærmiljø
Det er i dag spreidd busetnad på Fjelbergøy og Borgundøy. Totalt bur det rundt 100 mennesker i lokalområdet. Den lokale barneskulen vart lagt ned i 2016, og ungane har i dag ein lang reiseveg som inneber både ferje og buss.
Fjelbergsambandet vil gjera skulevegen tryggare og raskare for ungane som går på skule. Det vil gjere det enklare for borna å delta på fritidsaktivitetar. Prosjektet vil og gjere det enklare for dei som pendlar til og frå jobb.
Innbyggarane på Fjelbergøy og Burgundøy vil koma raskare og enklare fram til tenester og handel. Tenester vil også nå øyane både enklare og rimelegare. Dette er også positivt med tanke på beredskap.

Kulturmiljø
Det finst fleire freda kulturminne på Fjelbergøy, Borgundøy og Halsnøy, blant anna nausttufter frå jernalderen og spor etter førhistorisk dyrking frå yngre steinalder fram til vikingtid.
Prosjektet med Fjelbergsambandet tek utgangspunkt i så små inngrep som mogleg.
Plasseringa av brua mellom Halsnøy og Fjelbergøy, og rask tilknytning til eksisterande veg gjer små inngrep i urørt terreng.
Vegen på Fjelbergøy skal utbetrast, og prosjektet tek utgangspunkt i å gjenbruka skogsvegen både for å unngå unødvendige inngrep i naturen og for å halda kostnadane nede.