Når startar bygginga?
Etter at Stortinget la fram ei utvida ordning for ferjeavløysningsmidlar er det blitt rekna ut at Fjelbergsambandet vil få 782 millionar i midlar.
Det er nyleg vedteke at fylkeskommunen skal arbeide for realisering av ferjeavløysingsprosjekt som klarar finansieringa utan særleg fylkeskommunale midlar. Dette med sikte på raskast mogeleg oppstart av desse prosjekta. Dette arbeidet skal gå parallelt med prosessen med ny RTP.
Når byrja prosjektet?
Allereie i 1965 vart det gjort vedtak om å bygge bru mellom Fjelbergøyane.
Du kan lesa meir om tidslinja her.
Kva vil prosjektet kosta?
Det er i dag noko usikkerhet i kostnadsestimatet. Det blir arbeidd med å få usikkerheten i kostnadsestimatet innafor ei ramme på 10 %. Du kan lesa meir om kostnaden til prosjektet her.
Eg er bekymra for korleis bruprosjektet vil påvirka kulturminnene på øyane
I plandelen av prosjektet har det vore gjort grundige undersøkelsar for å kartlegga alle kulturminne på Fjelbergøy og Borgundøya.
Prosjektet med bru og ny veg vil ikkje påverka desse kulturminnene og bruplassering og vegtrasé er tilpassa for å unngå øydeleggelsar og påvirkning.