Fjelbergsambandet vil gje Fjelbergøy og Borgundøy nye moglegheiter.
Brubygging for framtida
Prosjektet vil kunne innebæra ein revolusjonerande utvikling innan norsk brubygging, og mogeleg bidra til at Sunnhordland som region får god kompetanse innan flytebruer.
Dette vil gjera at regionen står sterkt stilt med kompetanse når det i framtida skal byggast bruer andre stader i landet.
Betre tilgong til tenester
Med Fjelbergsambandet vil innbyggarane på Fjelbergøy og Borgundøy enklare kunna nå handel og tenester på fastlandet.
Innbyggarane vil ikkje lenger vera avhengig av ei ferjereise for å nytta tenester som helsesenter, tannlege og andre kommunale tenester. Heimetenesta og andre tenester som skal til øyane, får den fleksibiliteten dei bør ha.
Utvikling for framtida på øyane
Brusambandet legg til rette for framtidig utvikling av bustadar for både fastbuande og feriebesøkjande.
Med Fjelbergsambandet vil det opna seg opp nye moglegheiter for næring som ynskjer å videreutvikle eller starte ei satsning i området.
Brusambandet vil utvide mogleigheitane for kva arbeid fastbuande kan ha, då pendling til jobb ikkje lenger vert avgrensa av sjeldne ferjeavgongar.