Tidslinje

Brusamband på Fjelberg har vore på agendaen heilt sidan midten av 1960-talet. Her kan du lesa om nokon av dei viktigaste hendingane i prosjektet fram til i dag.

januar 1965

Vedtak i kommunestyret

Allereie i 1965 vart det gjort vedtak i nye Kvinnherad kommune om å bygga bru mellom Fjelbergøyane.

januar 1965
august 1996

Momentum i prosjektet

På hausten i 1996 kom brusamband mellom Fjelbergøy og Borgundøy opp på den kommunale dagsorden igjen.

august 1996
juli 1997

Inn i kommunedelplanen

Prosjektet kom med i kommunedelplanen i Kvinnherad Kommune i 1997.

juli 1997
juni 1999

Pengar frå Hesvik til Fjelberg?

Fjelberg bygdelag lanserar planar om å flytta midlar frå bygging av Hesviktunnelen til realisering av Fjelbergsambandet.

juni 1999
april 2001

Ikkje med i fylkesvegplanen

Fylket prioriterte Jondalstunellen framføre Fjelbergsambandet, og bruprosjektet kom difor ikkje med i fylket sin tiårsplan for 2002–2011.

april 2001
august 2004

Formannskapet løyver midlar

Formannskapet løyvde 500 000 kroner av budsjettet i 2005 – som delfinansiering av konsekvensutgreiing og reguleringsplan for Fjelbergsambandet.

august 2004
mars 2005

Planarbeidet nærmar seg ferdig

Fylkeskommunen bidreg med 1,85 millionar kroner til planarbeidet for Fjelbergsambandet. Saman med midlar frå kommunen og bygdelaget ser ein for seg at planarbeidet er ferdig i 2006.

mars 2005
februar 2010

Ueinige om traséval

Prosjektet med Fjelbergsambandet stoppar opp då fylkeskommunen og kommunen ikkje er einige om trasévalg trass fleire møter.

februar 2010
februar 2012

Stillestans i prosjektet

Framdrifta i Fjelbergsambandet har stoppa opp. Fylkeskommunen ventar på svar frå Riksantikvaren angåande traséval, noko som dreg prosjektet ut i tid.

februar 2012
oktober 2012

Ny kommunedelplan for prosjektet

Kommunestyret vedtek ein ny kommunedelplan for Fjelbergsambandet.

oktober 2012
juli 2017

Nytt pådrivarselskap

Kvinnherad Kommune skipar pådrivarselskapet Fjelbergsambandet AS, som skal arbeide for brusamband ved hjelp av ferjeavløysingsmidlar.

juli 2017
mai 2020

Spanande nytenkning

mai 2020
juni 2020

Utviding av ferjeavløysingsordninga

Regjeringa og støttepartia legg fram eit forslag om utviding av ferjeavløysingsordninga for 2021.

juni 2020